mandag 5. juli 2010

Kveldstur







Halvmørkt, regn i lufta, kort sagt ein under middels julikveld,men det går an å få brukbare bilete likevel.

lørdag 3. juli 2010

Vestlandet i regn




Av og til er veret så surt at ein kvir seg for å gå ut av bilen. Kva gjer ein då? tek bilete ut gjennom frontruta sjølvsagt. Motivet er forresten Bøyabreen i Fjærland.

fredag 2. juli 2010

Sunnmøre




På bloggen er det etter kvart ein del bilete av fjell og fjellområde i Voss. For å gjera det klart at eg innser at det også er fine fjell andre stadar i landet, kjem det her fjellbilete frå Sunnmøre. Desse alpine toppane er fantastiske.

torsdag 1. juli 2010

Vervarsel




Eller rettare sagt verrepport, sidan desse bileta vart tekne tysdag. Det er på Sognefjorden, mellom Oppedal og Lavik. På eine biletet ser ein vestover der regnet er på veg inn. Når ein bevegar seg over på andre sida av ferja, er det vesentleg lettare ver. Men no er det sol!

Volda


Om ikkje akkurat Volda. så er det utsikt frå Volda. Klokka nærmar seg 23, og sola går ned, men ikkje før ho har farga dette fjellet raudt.

onsdag 30. juni 2010

Ålesund







Ålesund er truleg ein av dei vakraste byane i Noreg. Jugendbygningar, bratte gater og havutsikt er med på å skapa dette inntrykket. Rett nok er ikkje veret alltid slik som på bileta, men det gløymer ein straks sola skin.

onsdag 23. juni 2010

Iris




Eg er ikkje ekspert på blomar, der er det faktisk stoore hol i kunskapen. Likevel meiner eg bestemt at dette er iris i ulike fargar. Flott blomst, men levetida er sørgjeleg kort.

tirsdag 22. juni 2010

Familieidyll




Svanefamilie på tur. Er ikkje spesialist på å kjønnsbestemma svaner, men har ein teori om at mor er i føringa, ungane prøver så godt dei kan å følgja etter på rekke, mens far diltar motvillig etter.

søndag 20. juni 2010

Frå Løvebakken


Ei veke på Stortinget har gjort at det vart lite tid til fotografering og endå mindre til blogging. Eitt einaste bilete vart teke, og det var av kontordøra til Gina Barstad. Der heng palestinasjalet hennar og slipset mitt. Ein stortingsrepresentant må ha utvida dresskode!

lørdag 12. juni 2010

Liten idyll







Me er framleis på Halsnøy. Denne idyllen ligg gøymt i skogen, men sjøutsikta er likevel fantastisk.

torsdag 10. juni 2010

Halsnøy kloster




Når det er ein plass som heiter Klostervågen, er det naturleg nok eit kloster i nærleiken. Halsnøy kloster er i dag ein del av Sunnhordaland museum. Klosteret er borte, men området er vakkert restaurert.

onsdag 9. juni 2010

Lita sjøbu




Denne vesle bua/naustet er også ein del av Klostervågen. I alle dei åra eg har vore der, har denne sett heilt lik ut. Lemmane framfor vindauga har aldri vore vekke. Søylene under har alltid vore like skeive. Men fint er det!

mandag 7. juni 2010

Klostervågen







Klostervågen på Halsnøy er ein av mine favorittstadar. Her er vakkert og idyllisk i seg sjølv, dessutan er det eit glimrande utgangspunkt for båtturar. Her er området fanga i tre ulike vinklar og til ulik tid på døgnet.

søndag 6. juni 2010

Årets første




Juni. Halsnøy, båt, sjø, det måtte berre verta ein dukkert. Ikkje spesielt varmt, men herleg forfriskande.

tirsdag 1. juni 2010

Venting


Det er ikkje få gonger eg er blitt ståande og venta på grønt lys ved Hettetunnelen. Lenge ( i alle fall nesten 5 minutt). Dette er vel einaste fotomotivet på staden. Ikkje spesielt originalt, men Fossmark ligg til venstre, Osterøy til høgre og Langhelle i bakgrunnen. Meir er i grunnen ikkje å sei om den saken.