torsdag 26. februar 2009

Butikken på hjørna




Som du ser, fann eg ein kjekk butikk Unter dem Linden. Etter å ha sjekka lommeboka, fann eg ut at det mangla 131 9950 Euro på at eg kunne kjøpa utstillingsmodellen.

Ich bin ein Berliner


Dette er vel eit solid bevis på at eg er i Berlin?

mandag 23. februar 2009

Kva ver vert det i morgon?







Hadde eg hatt god greie på temaet kveldsskyer, kunne eg sikkert ha sagt noko om verutsiktene for morgondagen. Når eg ikkje kan nok om dette, får eg nøya meg med å betrakta utsikta mot vest klokka 17.45 og slå fast at det er eit vakkert syn

onsdag 18. februar 2009

Vinter på Voss




Om vinteren ligg skodda ofte kald og klam over Vossevangen. Dette kan absolutt opplevast som plagsomt og irriterande. På den andre sida er det ganske vakkert når ein betraktar fenomenet på avstand.

tirsdag 17. februar 2009

Kveld på Århus


Det mørknar, lysa kjem på og sundagen er snart over. Ei ny arbeidsveke ventar

søndag 15. februar 2009

Elva sett på to måtar



Når veret er grått og fargane få,er det fristande å fiksa litt på motivet

lørdag 14. februar 2009

Vinter



Vinteren held fram. Den gamle floren på Leitet legg seg meir og meir bakover.

fredag 13. februar 2009

Skumring




Ein skitur i overgangen mellom dag og kveld, byr på godt skiføre, ro og det spesielle blå lyset

torsdag 12. februar 2009

Silkeføre


Kan det verta betre?

onsdag 11. februar 2009

Grandane


Her møtest Vosso og Vangsvatnet. Om sommaren er det ein fin badeplass. Om vinteren er det ein fint fotomtiv

tirsdag 10. februar 2009

Sol, skodde og snø




Har vel nemnt det før, men kjem ikkje forbi at Prestegardsmoen er ein flott del av Voss, særleg på dagar som dette

mandag 9. februar 2009

Meir vossastemning



Motiva finn ein over alt

søndag 8. februar 2009

Vossastemning




Mellom - 10 og -15 grader, snø og sol. Slik skal ein gammaldags vinter vera

fredag 6. februar 2009

Eit slags sjølvportrett


Kunne eigentleg funne fleire gode titlar til biletet, f. eks: Eg er desverre ikkje særleg skarp,eller: Å stilla seg sjølv i eit dårleg lys. Uansett, det er ikkje lett å stå i ro i over eitt minutt.

torsdag 5. februar 2009

Bryggja ved Evangervatnet




Det er sein kveld, nysnø, mørkt og svakt lys frå gateljosa i det fjerne. Her er det snakk om laang lukkartid og litt hjelp av kurvefunksjonen.