mandag 11. februar 2008

Spania



Kameraet er framleis til reperasjon, og det er berre å bla vidare i arkivet. Oppdaga nett at det er eitt år sidan eg var så heldig å verta sendt til Spania (Alicante) i tre dagar. Skal eg vera heilt ærleg, kunne eg tenkt meg det same i år, men det vert nok ikkje noko av. I fjor var det i overkant av 20 grd i den spanske lufta, og det betyr bading for ein vestlending. Merkeleg nok hadde eg badestranda for meg sjølv.

Ingen kommentarer: