mandag 1. juni 2009

Nakka


Fjellgarden Nakka ligg høgt og fritt på sørsida av Evangervatnet. Frå Storvik ved E 16 er det 20 - 30 minutt å gå i bratt terreng. Fram til 1970-talet var garden i drift. Når du kjem opp til Nakka, vert du truleg overraska over kor stor garden er. I tillegg bør du verta imponert over utsikta.

2 kommentarer:

Patina-H sa...

Der har eg faktisk ikkje vore enno, men turen ligg ikkje så langt fram i tid, vil eg tru ;) Utruleg kjekt og flott med desse fjellgardane rundtom.

Orlaug sa...

På Nakka var eg for nokon år sidan.......ein flott plass.
Den gamle stølsvegen vår startar i tunet, ja.
Sjølv om ein del er rydda no, er det førebels vanskeleg å finne stien nokon plassar og deler av den er ganske uframkomeleg......men me jobbar med saken.