fredag 19. desember 2008

Julegrana på Bolstad



Det er berre å slå det fast ein gong for alle: Julegrana på Bolstad er den flottaste i landet, truleg i heile verda. Med sine 35 m, er ho eit vakkert landemerke frå tredje søndag i advent til 6. januar. Den spesielle effekten på eine biletet kom heilt utilsikta: Eg flytta stativet før eksponeringa var ferdig. Lukkartida er 10 sek

tirsdag 16. desember 2008

Vosso



Elva Vosso har enkelte friske stryk, noko du kan sjå på eldre innlegg i denne bloggen. Starten, ved Liland, er derimot svært så roleg.

mandag 15. desember 2008

Vangen


Slike oversiktsbilete vert vanlegvis tekne når det er sol og fint ver. Slik ser det altså ut på Voss ein standard vinterdag

søndag 14. desember 2008

Juletrehogst



Så er juletrea henta. Dette er fast tradisjon tredje søndag i advent

Vinter i Prestegardsmoen




Manglar ein fotomotiv, er det berre å gå ein tur i Prestegardsmoen. Her har vinterens første snø lagt seg på trea, og freden senkar seg over ein turgåar.

lørdag 13. desember 2008

Advent



Stjerne i vindauga og ljos på trea, då er det julestemning på Horvei

fredag 12. desember 2008

Bulken



Det er ikkje ofte eg stoppar på Bulken, men det kan vera lurt å ta seg tid til det av og til, særleg når sol og måne byter vakt.

torsdag 11. desember 2008

Skomakergata?


Nei, men Knute Nelsongata på Evanger er til forveksling lik.

Voss med Hondalsnuten



Ein kald og strålande fin ettermiddag der sola sender dei siste strålane på Hondalsnuten, samtidig som månen gjer så godt han kan for å halda kveldsmørkret på avstand.

onsdag 10. desember 2008

Nokon betre?


Så fort kan det snu. I kveld er det berre idyll. Tenk om vinteren kunne fortsetta slik!

mandag 8. desember 2008

Nokon verre?


Utsikt frå kontorvindauga ein nitrist måndag. Det må tilføyast at over vegar, bakkar, ja, absulutt alt, ligg det eit tynt lag med våt is

torsdag 4. desember 2008

Evanger-stemning



Ein fredeleg kveld på Evanger. I grunnen så er alle kveldar på Evanger fredlege.

onsdag 3. desember 2008

Skorve kl 16.00


I overgangen mellom dag og kveld, eller rettare sagt dagslys og mørke, vert det danna fine fargar, slik som her på Skorve ved E16

tirsdag 2. desember 2008

Morgon i Moen




Eg har tidlegare vist fleire morgonbilete frå Vossevangen sett få vest. I dag vert det bilete av Vangen fotografert frå Prestegardsmoen, altså andre sida.

søndag 30. november 2008

Styveshorgi



Snøen ligg fint viss me bevegar oss litt over oppover i terrenget. Styveshorgi kan bruka.st som ein indikator på snøgrensa