tirsdag 20. desember 2011
Samarbeid
Me har laga peparkakehus. Kanskje litt barnsleg for folk godt oppi 50-åra, men kjekt likevel. Eg er arkitekt og byggmeister, May står for dekorasjonane.
søndag 11. desember 2011
Long December Night
Legg vekk julestresset, reis på hytta og ta ein tur ut når det er fullmåne. De kan vera ganske så vakkert!
tirsdag 6. desember 2011
Snø!!
Samanliknar ein med forrige innlegg, er det snakk om raske endringar i veret. Syns det trass alt er snøen som høyrer heime i desember.
lørdag 3. desember 2011
Bølgjer på Vangsen
Det er ikkje ofte ein ser kvite bølgjetoppar på Vangsvatnet. Torsdag var det slik. Det slo til og med bølgjer inn over land.
lørdag 12. november 2011
Baltus slappar av
I ein barnefamilie kan det verta ganske hektisk, også for ein stakkars hund. Bamsar og dokker er i alle fall ganske så fredlege. Då er det naturleg å slå seg i lag med desse når behovet for ein lur melder seg.
søndag 6. november 2011
Natur i Oslo
Slottsparken ligg midt i Oslo, men om ein stengjer ute alle lydar og ser i rett vinkel, kan ein få kjensla av å vera ute i naturen. Her er faktisk veldig fint!
lørdag 5. november 2011
onsdag 12. oktober 2011
tirsdag 11. oktober 2011
Vatn
Tysseelva er direkte voldsom, utruleg mengder vatn renn mot fjorden. Elva skiftar forresten namn fleire gonger. Stordalselva,Øvstedalselva, Tysseelva, alt etter kvar du er. Elles må det nemnast at eg i ettermiddag gjekk frå Øvstedalsvegen til Tysso og tilbake.
lørdag 8. oktober 2011
Brunborg
Ei lita perle nær Evanger: Brunborg. Hadde ein nydeleg tur opp til denne veglause garden i dag. Etter å handla graut, kaffi og lenestol hjå Patina-damene, tipsa dei oss om at ein tur til Brunborg var det einaste rette på ein slik fin dag. Dei hadde rett!
mandag 3. oktober 2011
Haust i låglandet
Ein treng ikkje dra til fjells for å møta hausten. Det er vel berre å innsjå at hagemøblane snart må i hus.
søndag 2. oktober 2011
Haust i fjellet
Hausten er her, også om ein dreg til fjells. Haustfargane er ikkje til å ta feil av, enten det er dag eller kveld. Då er det ekstra koseleg å fyra opp i peisen på hytta og berre slappa av, i alle fall når ein har jobba så lenge det var ljost.
onsdag 28. september 2011
lørdag 24. september 2011
Utsikt frå Kulturhuset
Taket på Voss Kulturhus er eit fint utsiktspunkt, same kva veg du ser. Klokka halv ti ein septemberkveld ser ein mest der det er opplyst. Litt sært å stå der aleine ein fredagskveld, men kva gjer ein ikkje for å slå i hel tida når ein ventar på eit forseinka Oslotog?
Abonner på:
Innlegg (Atom)