lørdag 9. januar 2010

Ørn på Vassenden!




Av og til får ein sjå ting som gjer at ein tvilar på sine eigne auge. Slik som i dag: Me sit i bilen, køyrer over brua på Vassenden, og der , rett over vatnet, svevar ei ørn! Nokre meter frå bilen og like ved E16 er ikkje akkurat kjerneområdet for kongeørner. Kanskje det er kulden som har fått fuglen til å prøva nye jaktmarker. Kameraet som låg i baksetet kom raskt fram, og eg fekk knipsa nokre bilete før ørna forsvann. Ei flott og merkeleg oppleving vart det uansett.

1 kommentar:

Rosa sa...

JØss, så flott!! Og kjapp reaksjon på fotografen, må eg sei :)