onsdag 4. mai 2011

Opptur



Turistforeningen arrangerer kvar vår fjelltur for alle 8. klassingane i Noreg. På Voss er det Voss Utferdslag som har regien. Turen går frå Vangen, via Mølster til Hanguren og attende via Raugstad. Oppstigninga er bratt, men det er fint å gå likevel. På toppen gjekk me eit stykke langs ein løypetrase etter vinteren. Der ligg det framleis snø. Satsar på at dette er siste snøbiletet denne sesongen. Takk til Utferdslaget for eit kjempeflott arrangement!

1 kommentar:

Patina-H sa...

Ja, i alle fall ei her som hadde hatt ein flott tur :) God helg !