Nyttårsfeiring for dei fleste av oss, men nokon er på jobb. Tidleg 1. nyttårsdag ligg desse båtane i Fensfjorden, klare for lossing/lasting på Mongstad
Det er lenge siden sommaren, og veldig lenge sidan siste sommaren sidan det var kyr på båsane her. Fjøset, eller floren, ligg eit stykke frå innmarka, og kyrne vart sett inn for mjølking morgon og kveld. No er huset berre eit minnesmerke om andre tider.
Fram til slutten av 1980-talet, var gardane Rørgo, Bjørgo og Geilen utan bilveg. Vegn dei brukte, gjekk mellom anna forbi Storstigen. Vegen der er hogd som trappetrinn inn i fjellveggen. Imponerande!
Det er snø, i alle fall viss du kjem høgt nok opp. Eg vil ha julesnø også i låglandet! Men det er vel like lite å gjera med det som det er med høgspentmasta midt på biletet.
For dei som ikkje veit det: Voss har sjølinje. Bolstad er det maritime alibiet til Voss kommune. Det er ikkje mykje julestemning, sjølv om kalenderen viser 20. des, men nausta ved Bolstadfjorden er fine, uansett.