onsdag 23. mars 2011

København, Churchillparken




Ein kort spasertur frå Strøget, f.eks. gjennom Amalienborg, fører deg til Churchillparken. Dette er eit nydeleg lite parkanlegg med vollgraver og sjø på alle kantar. Den lille havfrue held også til her. Parken er populær blant barnefamiliar og joggarar.

1 kommentar:

Rosa sa...

Eg trur eg set meg på fyrste fly til Køben! DET såg herlegt ut, med vår og sol og fine torg. Me har aldri vore i den byen, men den står høgt oppe på lista over stader me vil reise. Takk for at du deler dei danske perlene med oss!