tirsdag 22. mars 2011

København, Gråbrødretorvet







Ein tur innom Gråbrødretorvet er fast post på turar til København. Torget er lite og idyllisk, plassert litt bortgøymd frå Strøget, og med Rundetårn like i nærleiken. Her er det fredeleg og avslappa stemning, og det er serveringsstadar på alle kantar. Peder Oxe Vinkelder er mi favorittkro. Torget er oppkalla etter gråbrødrene som tilhøyrte eit fransiskanarkloster som låg like i nærleiken. Alle husa rundt torget er freda. Nokre av dei vart oppført som bustadhus etter bybrannen i 1728.

1 kommentar:

Patina-H sa...

Min favorittby nr 1 :) Men gråbrødretorvet har eg faktisk ikkje vore innom. Då veit eg kor eg skal neste gong :)